Orddeling og særskriving
Orda i overskrifta viser til to ulike måtar å dele ord på.
Når det ikkje er plass til eit heilt ord på slutten av lina, deler vi det med bindestrek. Det kallar vi orddeling. To døme:
lin-
je
røyk-
fritt
Slik orddeling ved linjeskift er det reglar for. Det må vere minst to stavingar i eit ord for at vi skal kunne dele det. Vi kan dele mellom ledda i ordet (røyk-fritt og eks-emp-el), eller vi kan dele før ein konsonant. Då må vi bruke «einkonsonantregelen», det vil seie å setje berre éin konsonant ned på neste line saman med resten av ordet: lin-je, hiks-ta, ek-sem-pel.
Orddelingsfeil er til dømes rik-savis, hik-ste og ordd-eling.
Særskriving er å skrive noko i fleire ord, som uttrykka i dag og til fjells i staden for idag og tilfjells, som var vanleg før. Her er særskriving korrekt.
Ordet særskriving blir ofte nytta om særskrivingsfeil, som er å dele opp samansette ord som skal skrivast i eitt (røyk fritt i staden for røykfritt og riks avis i staden for riksavis).
Mange nyttar ordet orddeling om særskriving, men det må vi rå frå.